
FRAMSIDA
OM
OSS
LEIR
LAGSARBEID
FOTOALBUM
PODCAST
RESSURSAR
LENKER
FACEBOOK
KONTAKT
|
NATT TIL 1. MAI-GOSPEL 2007
Måndag
30. april er det nok ein gong klart for ”Natt til 1. mai-gospel” på
Blindheim bedehus!
Som vanlig blir det mykje allsong og innslag frå forskjellige kor,
men i år blir det også eit stort felleskor med ungdommar frå dei
fire kora Respons, Nytt Lys (Blindheim), DaKruKo
(Dalsfjorden) og
Valderøy Ungdomskor.
På dagtid blir det øving frå 12.00 og utover på Borgund
Folkehøgskule, der Solveig Håvik blir med og instruerer dei to
fellesnummera. Den eine songen er forresten nykomponert av Arild Berstad
og vil bli framført for første gong denne kvelden!
Etter kvart blir det middag og lydsjekk, før sjølve gospelnighten
startar klokka 20. Då blir bedehuset forhåpentlegvis fylt opp av
hundrevis av ungdommar, i tillegg til dei vel 150 korsongarane.
Seinare på kvelden blir det nattkafé i bedehuskjellaren og konsertar
med jentegruppa Ljos og rockegruppa Pilot Seven, som tar eit
comeback for oss - ganske nøyaktig eitt år etter at dei sa takk for
seg i kjellaren på Blindheim bedehus natt til 1. mai 2006.
Med andre ord eit rikhaldig og variert program, som vi satsar på
skal trekke til seg mykje ungdom både frå Ålesund og kommunane
rundt. Arrangør i år er Blindheim Y-ungdom og Ung Misjon.
Snakkes på Blindheim bedehus, natt til 1. mai! :)
|